
Kontaktdetaljer
Vie Andelslandbruk SA har per februar i 2020 ca 45 medlemmer. Vi leiger kring 4 mål jord hos Sjur Wie på Vie i Førde, vest for juletreskogen.Vie Andelslandbruk vert drive etter økologiske prinsipp. Vi kan tilby ureist og sunn mat, nye vener, frisk luft, ei og anna vassblemme og nærleik til naturen
Ein andel (eingongssum) kostar kr. 500.-
Deltaking i dyrking/hausting sesongen 2021 kostar kr. 2 900.-, og inneber 18 dugnadstimar i sesongen.
Kontonummer: 3705.30.97309
Vipps: 536704
Vi dyrkar potet, gulrot, jordskokk, pastinakk, mange typar kål, beter, lauk, urter og salatar. I fjor hadde vi kring 70 ulike sortar. Etter ein fantastisk sesong i fjor, går vi vidare med eige drivhus, til oppal av eigne plantar og for grønsaker som treng ekstra varme.