top of page

Sesongen 2024 er i gong

Slik har sesongen startar

Sesongen byrja 2. Mars med å dekke kvitløkssengene med ull, og
grøngjødselrestar, og å rydde i fjøsen.

 

6. Mars: Byrja vi å fjerne gamle planterestar i faste bed og la silogras på nokre av tunnelsengene.
 

9. Mars brente vi biokol: Først tenner vi opp/lagar eit lite  ̈bål ̈. Når det tek seg opp set vi i ein propp nedst i tønna. Deretter er det berre å fylle på med grankvist, og anna kvist/treverk som ikkje er tjukkare enn 5 cm i diameter (det den elektriske handsaksa får til å klippe er  ̈innanfor ̈). Det er viktig at det får jamleg brenne ned – og at ein rører i gløret jamleg før ein har på ein ny dose kvist. Når ein brenn skal det bli så heitt som mogleg. Prosessen tek ei god stund, ein bør gjerne setje av ein dag. Når ein er ferdig; bør ein la det stå og ulme minst ein time (lenger?) Og deretter fyller ein heile tanken med vatn, som ligg i ca. ein time – før ein deretter dreg ut proppen. Då kan ein legge kolet under låvebrua til tørk. Det må ligge ei stund her, og vendast på. Deretter kan det knusast, å leggast i kassar/boksar og bli lada med næringsrik væske. Denne væska kan vere f.eks bokashivæske, brenneneslevatn, og (til privat bruk) urin. Biokolet nyttar vi ved å strø det på dyrkingssengene, i komposten osv.

12. Mars: Marit henta settepotetene (våre eigne) frå Angedalen. Dei vart sortert, og sett i fjøset. Etter nokre kalde netter nytta vi papp oppå potetkassene som beskyttelse mot kulda. Byrja å klippe pilehytta. Vaska drivhuset


25. Mars: Brente ei runde til med biokol. Flis (frå lauvtre) vart henta, og lagt mellom pilehytta/ sitteplassen. Tidlegpotetene kom i fjøsen (15 kg Arielle: innkjøpt)
 

 

2. April: Biokolet frå den siste omgangen vart rydda plass til, og fordelt under låvebrua. Drivhuset vart klargjort til oppal: fjerna ulla (den var på for å beskytte og skape eit meir aktivt jordliv her frå seint på hausten til tidleg vår) Luka vassarve, og anna, hadde på to trillebårlass med fin kompost (komposten
var frå sesongen 2022). La på pallar som pluggbretta kan stå på.
Sådde: Rosenkål, Groninger → 96 stykk, Hodekål, Omd → 96 stykk, Brokkoli, Rasmus → 35 stykk, Broccolo → 35 stykk, Persille → 77 pluggbrett (ca. 4 – 5 frø i kvar plugg), Grønkål G. A → 35 stykk
Tynna i dekket til kvitløkssengene – dei stadane det låg for tjukt med grøngjødsel. Drog dette då nedover på sidene av sengene, slik at vi hindrar ugras også der. Let staura ligge på litt til – slik at kvitløken får etablert seg – og dermed hindrar dekket i å blåse vekk. Sjekka potetene, at dei såg fine/ok ut.
Nokre har byrja å danne groer, men dei fleste ikkje. Luka i aspargessengene. Sette opp merke for kvar aspargesane sto, og luka mellom.


11. April: vart den store sådagen!
Dette vart sådd av andelseigarane: Grøn knutekål: 154, Rød knutekål: 77, Grønkål: 231, Brokkoli: 231, Grøn spisskål: 112, Rød spisskål: 112, Kålrot:231, Strandkål: 8, Aubergine: 4, Solsikke (sjølvhausta frø) 70, (Ein sort med namn La Torra) 77, Basilikum: to brett – breisådd. Utan jord på toppen – lysspirande, Persille: 3 stykk pluggbrett på 77 pluggar (3-4 frø i kvar plugg), Apoterkerkattost: 1 brett på 77 pluggar (2 – 4 frø i kvar plugg), Ringblomst: 1 brett på 77 pluggar (4 frø i kvar plugg), Fennikel: 77, Kamille: 77, Koriander:
1 brett på 77 pluggar (3 frø i kvar plugg), Evighetsblomst: under eit brett på 77 pluggar (3 – 4 frø per plugg) (ringblomst i resten av brettet) + det vart også jobba litt i faste senger: byrja å lufte jorda med luftegreipa, og luka her. Fjerna den gamle rundballen. Fjerna staur som låg på kvitløkssengene.

16. April: fekk vi gjordt mykje nyttig arbeid i dei faste sengene! Luka det som var att av ugras i sengene, hadde på kompost, ull, og silogras. Hadde papp i gangane, og deretter flis. I den eine luft/pipleauk senga hadde vi på kompost, litt av dei daude planterestane som låg att på dei faste sengene, og deretter flis.
Sjur henta hestemøk hos naboen, så i to av tunnelsengene grov vi ned møka og saueull i ei rad midt i sengene før vi hadde på jord, og dekke att.

Hanne gjorde ein stor innsats med å tømme komposten, sortere ut det grovaste herifrå, og lage kompostbingen klar for ein ny sesong (med å ha det ukomposterte – større trebitar, ull osv. nedst saman med kvist, og flis). Marit, og eg laga skisse til sesongens vekstskifte. Denne dagen vart det sådd: fennikel: 84, raud lollosalat: 66, hjartesalat:132. I tillegg vart det sådd to brett med ulikt (blant anna grøn/raud knutekål, brokkoli, kålrot, grønkål, persille, spinat, reddik, ringblomst) til dei to frøbeda. Her lyt vi berre prøve oss litt fram, og sjå korleis det vert. Tenker å prøve litt av fleire ting ettersom ein ikkje treng så mange plantar før det vert mykje frø. Om ein hugsar til hausten: prøv å lagre gulrot som ein kan plante att på våren.

20. April: herleg økt i solskin med masse folk innom! luka dei mest ugrasfylte faste sengene bak tunnelen. Hadde på kompost, tang (takk til Helga som i forkant hadde vore på strandtur/sanketur!) og silogras. Hadde papp og flis i gangane. I rabarbrasenga hadde vi på: kompost, og litt kumøk mellom plantane. Vi hadde også kompost og kumøk i dei to frøbeda. Også plukka vi stein i åkeren. Thore har fiksa koplinga til vasslangen. Kjetil har sett over plasten til tunnelen og bestiller nokre nye plastdelar (nokre av bitane rakna på grunn av vind i fjord) før tunnelen igjen kan settast opp.

bottom of page