Sesongstart

Det er underlege tider, og ingen veit korleis det ser ut om ei veke, ein månad eller eit halvår. Det einaste vi veit er at eigen matauk aldri vert feil, særleg ikkje no. Aldri har vi vel vore så glade for å vere andelsbønder!

På Vie startar vi sesongen førstkomande helg. Frøa må i jorda, uansett korona. Vi set varme på i drivhuset for å forkultivere kål m.m, og så salat, reddikar og anna for tidleg hausting. Målet er sprø, sjølvdyrka salat allereie i mai.

Vi har framleis plass til fleire andelsbønder, mange sit på gjerdet. Hopp ut i åkeren no. For at vi skal kunne planlegge sesongen, er det viktig å vite kor mange som blir med i år. Frist for å betale heile eller delar av sesongavgifta er sett til 1. april.

  1. Vurderer du å bli med? Send ein epost til vie.andelslandbruk@gmail.com eller ta ein telefon til 91 14 14 57.Helsing gartnarane Ulf og Marit


©2018 Vie andelslandbruk