HØSTTAKKEFEST

Frå kl 16 og utover møtest dei som kan for å lage til på låven, og hauste og lage til salat og ein felles varmrett. Vi gjer klar grillen for dei som vil varme pølse, lauk, beter eller andre ting.

Kring kl 17 tenkjer vi at det nærmar seg bordsetting. Alle tek med litt mat til bordet, gjerne gode rettar med ingrediensar frå Vie. Hugs og drikke til deg sjølv og tallerkenar, glas/koppar og bestikk.

Det er også godt med litt dessert/kake til kaffien om nokon kjenner seg kalla.

Det blir INGA LUKING! Men alle er velkomne til å bidra med underhaldning, leikar, song, tryllekunstar, talar m.m. Vi satsar også på både quiz, musikk og mykje god stemning.

Påmelding med namn og tal deltakarar (vaksne og born) til vie.andelslandbruk@gmail.com innan 23.september!


©2018 Vie andelslandbruk