top of page
  • Facebook

Om Vie andelslandbruk

Andelslandbruk (CSA – Community Supported Agriculture) er ei form for direkte omsetting og dialog mellom gardeigar og forbrukarar. Kjerna i ordninga er at forbrukarar kjøper andelar av  produksjonen på garden, til dømes for eitt år om gongen, og delar derfor risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

Det finst ei rekkje former for omsetning av landbruksprodukt; alt frå den ”tradisjonelle” bulkproduksjonen gjennom store foredlingsbedrifter, der varene hamnar i butikkhyllene og kjennskapen til produsenten bak er uråd å oppdage – til dei meir lokale omsetningsformene, der kontakt mellom bonde/produsent og forbrukaren er merkbart til stades.

 

Per mars 2022 er det registrert 88 andelslandbruk i Noreg.

 

Vie Andelslandbruk var det første i Sogn og Fjordane.

_3220011.jpg
_4180029-2.jpg

HVA KOSTER DET Å VÆRE MEDLEM

Ein andel (eingongssum) kostar kr. 500.- Deltaking i dyrking/hausting sesongen 2022 kostar kr. 2 900.-, og inneber 18 dugnadstimar i sesongen.

bottom of page