Om andelslandbruk

Andelslandbruk (CSA – Community Supported Agriculture) er ei form for direkte omsetning og dialog mellom gardeigar og forbrukarar. Kjerna i ordninga er at forbrukarar kjøper andelar av  produksjonen på garden, til dømes for eitt år om gongen, og delar derfor risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

Det finst ei rekkje former for omsetning av landbruksprodukt; alt frå den ”tradisjonelle” bulkproduksjonen gjennom store foredlingsbedrifter, der varene hamnar i butikkhyllene og kjennskapen til produsenten bak er uråd å oppdage – til dei meir lokale omsetningsformene, der kontakt mellom bonde/produsent og forbrukaren er merkbart til stades.

Per 18. april 2016 er det registrert 50 andelslandbruk i Noreg. Vie Andelslandbruk er så langt det einaste i Sogn og Fjordane. Du kan lese meir på http://andelslandbruk.origo.no/?ref=checkpoint

 

Del med andre:

Nytt liv til landbruket